Annonse
Nordhordland no

Naturvern og vindkraft

Kvar er Venstre i vindkraftsaka, spurde Mjømen (H) i lokalavisene førre veke, og la til at partiet berre vil ha, men ikkje yte. Gulen Venstre er, som Gulen Høgre og dei fleste andre partia, delte i synet på vindkraft. Kvar representant må difor svare for seg, noko eg vil gjere her.

Naturinngrep
Det som gjer denne saka så vanskeleg er det Mjømen hoppar bukk over i sitt innlegg, nemleg at utbygging av vindindustri vil representere dei største inngrepa i naturlandskapet i Gulen si historie.
Å bygge dei fire vindkraftanlegga vil innebere å gjere eit areal på om lag 70 km2 naturlandskap om til eit vindindustriområde. Dette er til dømes ti gonger så stort som det samla industriområdet på Mongstad. Sidan det går dalar inn i desse områda er arealet av natur som vert råka enda større.

Og kva vert naturen råka av? Å setje opp strukturar på mellom 80 og 110 meter i navet, det er der propellen er festa. I tilegg kjem rotoren, med ein diameter på mellom 90 og 112 meter. Postgirobygget i Oslo er til samanlikning 111 meter høgt. Men der Oslo har eitt, vil vi få så mange det let seg gjere å sette opp i kvart område. I fjellet mellom Austgulfjorden og Sognefjorden vert det planlagt å sette opp femti slike bygg.

Kva dette har å sei for fauna, flora, støy og romantiske solnedgangar er berre nokre av konsekvensane. Vi snakkar om prosjekt som bokstaveleg tala kan endre Gulen for all framtid. At varaordføraren, i sin iver, i det heile ikkje drøftar dette er eit paradoks.

For Venstre handlar vurderinga om kor vidt dette kan vegast opp av (1) miljøomsyn eller (2) omsyn til lokal verdiskaping. Av plassomsyn vert berre det første drøfta her.

Miljøomsyn
Om vi ser bort frå at vindmøller er ein lite effektiv måte å produsere straum på, samanlina med til dømes vasskraft, kan vi tenke oss to måtar dette kan bidra til å berge miljøet.

Den første byggjer på ein idé om at vindkraft kan erstatte meir ureinande kraftproduksjon i andre land. Problemet er at ingen greier å påvise nokon slik samanheng i røynda. Tvert imot finn dei som undersøkjer dette at det mest truleg ikkje er slik. I staden får vi berre meir kraft. Dette kan føre til meir produksjon, og til sjuande og sist eit større økologisk fotavtrykk.

Den andre måten byggjer på føresetnaden om at det norske straumforbruket aukar, og at vi gjennom å byggje ut vindkraft, kan sleppe å importere straum frå ureinande kraftproduksjon i andre land. Ifølgje NVE sin rapport ”Energibruk i Fastlands-Norge” (2011) aukar norsk straumforbruk, men berre på eitt område; elektrisitet til petroleumsindustrien. Dette inneber å elektrifisere sokkelen. Å sende straum ut i Nordsjøen, slik at vi kan eksportere enda meir olje og gass, verkar for meg å vere ein svært tvilsam måte å redde miljøet på.

Det er altså ikkje for miljøet at vi skal øydelegge naturen.

Avmaktas språk
Einar Førde skreiv for nokre år sidan om politikarar som talar avmaktas språk. Dette er språket ein talar når ein vil gje inntrykk av stor handlekraft på område ein slett ikkje styrer.

Når det kjem til kraftlinene ser endeleg Mjømen kritisk på naturinngrep. Dette vil han rette på ved å gjere traseane ”framtidsretta”, som han skriv. Problemet er at ein her har ein motpart med mykje kapital og små marginar. Der Mjømen vil rette kraftlinene mot framtida, vil kraftselskapa rette dei mot Frøyset, snaraste veg. Ein heil nasjon har i det siste har freista å flytte kraftliner i Hardanger, utan å lukkast. Å hevde at vi skal ha innverknad på dette er å tale avmaktas språk.

Mjømen avsluttar med å sitere Robbespierre. Det som er sikkert er at vindkraftutbygging inneber å knuse ein heil del egg, og langt meir enn det. Om vi får noko omelett att for umaken er det langt meir uvisst. Vi gjer lurt i å sei nei i denne omgang.

Bjarte Undertun,
Kommunestyrerepresentant
Gulen Venstre

Vist 107 gonger. Følgt av 1 person.

Nordhordland no

Følgt av 732 medlemmar.

Avisa Nordhordland dekker kommunane Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Gulen. Vi kjem ut med to fyldige utgåver kvar veke, i tillegg til daglege oppdateringar på nettsidene våre www.nordhordland.no. Meir om sona

Origo Nordhordland no er ei sone på Origo. Les meir